Review in Dagsavisen

Live Foyn Friis er frå Asker og har skapt seg ein karriere i Europa med base i Danmark. I desse dagar gjev det seg uttrykk på albumet ”Running Heart” i kvartett med Alex Jønsson (gitar), Jens Mikkel Madsen (bass) og Andreas Skamby (trommer), med musikk skildra av utgjevaren som indie-jazz med element av pop, rock og elektronika. Namnet skjemmer ingen, og som trio utan trommer gav Live Foyn Friis ut plata ”Joy Visible”, høgt nominert til prisar i Danmark, og ho har også strykarar i stallen om det trengst. På det nye albumet byr ho på eit original låtmateriale, og bandet kan skilte med at dei i sommar var på dobbel turné med John Scofields Uberjamband i Tsjekkia. All musikk og tekst har ho skrive sjølv, framført med ei særeigen stemme og stil, med ein uredd måte å gå til verket på med ei blanding av akustisk og elektronisk tonefølgje, og eit sluttspor til ettertanke.
Bandet har spelt i Europa og USA, neste år går turen til Afrika, Sør-Amerika og Kina, inkje mindre! Vi kan berre ønskje lukke på reisa.
ROALD HELGHEIM
Dagsavisen
2009141
Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

Up ↑

%d bloggers like this: